Kystpartiet

torsdag, 04 juli 2013
Rate this item
(2 votes)

Noreg i framtida

Det er vår i jorda. Plantane driv og samlar krefter for ein pang start når varmen kjem. So tok tankane meg. Kor mange har tatt fram ei hakke og eit grev (Plog) for å gjere klart å setje poteter, plante ut kålrot, eller andre grønsak sortar?

Noreg er i dag velutvikla til å møte ei matkrise. Er du ikkje einig, Jens Stoltenberg som Noregs store kjeftsmelle, utan mål og meining? Dette var vel ikkje heilt rett...

Målet er vel eit EU. medlemskap fult ut, ikkje stykkevis og delt. Pluss ei rasering av distrikta i  Noreg og nærområde til fjord og hav. Kva meinar du at det Norske folk skal leve av og kva skal produserast her i landet? Er det slavar og born i u-land som skal vere arbeidskrafta for billeg mat i Noreg, eller er det farmasøytisk industri og kjemikaliar som skal vere redninga for at Ola Nordmann skal få sit dagleg brød? Eg trur ikkje den Norske regjering har so mykje tiltru frå "oven" at dei kan få hjelp til å mette tusenvis med 5 brød og 2 fiskar. Det trur eg ikkje Stoltenberg klarer, sjølv med Kolberg si hjelpande hand.

Kva vil dei raudgrøne sine topp politikarar med nasjonen Noreg? Og kva vil Erna? Som ikkje tore å ta opp viktig samfunnsspørsmål, som mattrygging for folket ho gjerne vil styre med si tause stemme.

Når ein tenkjer attende til 1950-talet, då ein bygde opp Noreg og ikkje som  i dag der ein bygger det ned, fekk bonden 49 øre literen for mjølka og forbrukaren betalte 43 øre per liter. Dette mente Einar Gerhardsen var urett mot borna til bonden og bøndene fekk då kvote på rimelege ostar frå meieriet t.d.1 kg. G35 for 60 øre pr. kg. Årdal samfunnet var i stor vekst på 50-talet. Der var stor innflytting av barnefamiliar og ungane måtte få fersk mjølk. Det vart då bestemt at Årdal meieri skulle byggjast. Mjølka vart hent frå Lærdal (Borgun) og Solvoren med båt til Årdal meieri for vidare handsaming.

Årdalsamfunnet hadde då berre ein geitebonde på Vetti (Øvre Årdal). Einar Gerhardsen, som då var Statsminister fekk dette gjennomført og Årdalsamfunnet fekk fersk mjølk.
Ferskare mjølk ein kva dei får i dag. Den gongen var rein, fersk mat viktig. Ein sende ikkje fisken til Kina for sprøyte veske i den, og so pakke, og sende den attende til ”glupske” matvarekjedar, for å hente størst mogeleg (profitt).

Før tok vi vare på arbeidsplassane, noko som er uinteressant i dag, for arbeidsplassen er utanfor byråkratiet (tyranniet). I Norsk landbruk har ein eit slikt tyranni (K.S.L.) Kvalitet sikring i Norsk landbruk. Dei har vore dei største pådrivarane ilag med Noregs bondelag og Senterpartiet til å rasere distrikts Noreg. Kor mange bruk har vorte nedlagde etter at K.S.L. og mattilsynet har vore der med sine pålegg?

Ei slik historie har vi frå Hadeland. Den 22. desember 2012 fekk bonden brev frå mattilsynet om at der måtte byggast smittesluse i fjøset.

Fjøset var eit lausdriftsfjøs ferdig    godkjend i 1998 med ein mjølkekvote på 130.000 liter. Bonden fekk krav om ferdigstilling til 1. april 2013. Det klarte han, og siste henting av mjølk på garden vart 1. april.

I dag er mange som lurer på kva det skal verte med dette samfunnet og stiller seg sjølv spørsmål; ”Er det noko vits i å stemme. Og kva skal eg stemme?” Fasitsvaret til dei raud grøne ser vi rundt oss. Dei himmelblå med eit virvar av ulike tankar, kva vil dei? Bondevik regjeringa, klarte med si privatiseringspolitikk å knekke vegnette og helsetenestene. Er du i tvil, bruk stemma di på Kystpartiet, det er so lite at dei ikkje kan gjere noko gale, men du har brukt stemmeretten til nokon som ikkje er med å bryt ned landet vårt. Kystpartiet er mot oljeboring i vårt store matskap (Lofoten) Dei vil foredle fisken på land der fisken er, ha langsiktige arbeidsplassar og busetnad. Det er ikkje Oslo- gryta som står for verdiskapinga i dette landet -  dei er berre eit sugerøyr til distrikta.

Kystpartiet vil at bora skal få bu i det distriktet dei veks opp og ikkje verte (kyniske) kasteballar for eit kommunebudsjett. Litt menneskeverd har desse små, som skal vere framtida vår.

 

Kystpartiet Sogn og fjordane. Jarl Iversen

Kopirett © Kystpartiet.no